Hjem | Uncategorized | Aktivitet
Alle blogginnlegg
Vi har gått tunellane og bymuren, vi har besøkt Betlehem, vi har køyrt jeep i ørkenen og gått på byen i Tel Aviv. Kort sagt ein annleis dag i og rundtd Jerusalem.
Fridag, med andre ord, med folk i alle retningar: Ut mot havet, ut i øydemarka, inn på Vestbreidda, ned i undergrunnen, opp på murane, opp på toppane med utsikt heilt til Dødehavet, heilt inn på Tempelplassen i Jerusalem. Bileta talar for seg sjølv om folk som har hatt det kjekt og gjort spennande ting.
Saman drog vi då til Betlehem. Vi besøkte hyrdemarkane, fødselsgrotta og Betlehem by. Veldig mykje starta der, kristendomen si historie, den kristne kyrkja. Men idag seier folket der til oss: Be for fred i Betlehem. Dei gav oss Fredsfyrsten, vi skulle gi dei fred.
Lesernes kommentarer