Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   airboats and alligators

Vi såg det fyrst i Donald, men no veit vi korleis det kjennest å suse i sivet i desse flatbotna aluminiums-prammane med luftpropell. Sjøfuglane kom seg berre så vidt unna. Det bar over holmar og skjer. Sjøliljene låg herpa etter oss og sivet var gnagd i filler der vi for fram.

Alligatorane hadde vi meir respekt for, og dei for oss. Men ein og annan slangen fekk hard medfart. Det finst båtførarar som køyrer aluminiumsfarkostane sine heilt opp på parkeringsplassen til bilane. Men våre var noko meir omsynsfulle – mot båtane.

Det vart ein både fartsfyllt og spennande tur gjennom alligator-land. Små og store (opp til 250 kilo) kika fram og heldt auge med oss. I tillegg eit fantastisk fugle-og planteliv.

Elles har denne 28 gr varme dagen innehalde iskrem, all-you-can-eat-dinner-buffet (8 dollar), iskrem, outlet mall, iskrem, spasertur, iskrem og shopping.

1-IMG_7546
Ekte Amerikansk Airboat
1-IMG_7569
Alligator på nært hold

1-IMG_7582