Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   ABC om Abe

 

img_5544_web

Stor del av USA-klassa og -turen dette året handlar om borgarkrigen og borgarrettane. I ei vekes tid no skal vi bevege oss på aksen Abraham Lincoln – Martin Luther King jr. Det handlar om Springfield, Illinois, om Memphis, Tennessee, og om Selma og Montgomery, Alabama. Først Springfield.

Etter barneår i ei enkel tømmerkoie i Kentucky og Indiana, kom familien til den store borgarkrigs- og antislaveri-presidenten til Illinois. I Springfield dreiv han som advokat før ferda gjekk til Det kvite hus i Washington.

I Springfield er eit framifrå interaktivt museum om Abraham og familien. På veldig direkte måtar kom dei alle oss nært inn på livet denne april-føremiddagen.

Ein fascinerande mann. Stort førebilete for mange. «History shapes our present, and our days shapes our future.» Dermed er det god grunn for nokon kvar å engasjere seg i samtida si. Både på heimeplanet og i politikken.

img_5531_web img_5532_web img_5533_web img_5534_web img_5535_web img_5536_web img_5537_web img_5539_web img_5540_web img_5541_web img_5542_web img_5543_web img_5548_web