Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   A perfect day at Anna Maria

img_20160416_140340_web

Anna Maria Island  – eit strandparadis i Florida. Her legg skilpaddene egg på stranda, og delfinane kan dukke opp mellom badegjestane.

For ikkje å gå heilt i oppløysing på beachen, gjorde nokre av oss denne dagen til bike cruise dag. Ein må gjerne røre litt på seg etter frukost med ‘all you can eat pancake’. Ikkje så mange ruter å velge mellom, for øya er berre eit steinkast brei. Vi cruisa berre avbrote av bading i surfe-bølgjene. Burger på Skinny’s høyrer også med til ein slik perfekt dag.

På beachen er sanden så kvit at det kunne vore snø, og så finmalt at det kunne vore melis. Sandkorna heng i lufta som snøflak når vinden lyfter dei. Og når sola går ned som ei eldkule ihavet, ‘kan ein ingen stad venare sjå’.

img_20160416_124714_web img_20160416_132904_web img_6316_web img_6317_web