Hjem | Ukategorisert | 1500 PENNSYLVANIA AVE
Alle blogginnlegg
Verdas mest prominente adresse. Verdas mektigaste mann. Og oss på besøk. Ikkje akkurat ‘home alone’ visitt. For hit kjem du berre etter søknad frå ein amerikansk kongressmann 8 mnd i førevegen, etter å ha levert alle namn og personlege data, passert 2- 3 vaktpostar, 2 passkontrollar, 1 security kontroll og lagt att heime alt av handvesker
og anna ekstra.
Barack Hussein og Michelle glimra med sitt fråver. Likevel var det stas å kome så nær. Litt av kvart frå dette landets 220-årige historie, møblar, måleri og menneske.
Og neste gong vi ser White House på dagsrevyen, kan vi seie: ‘I was there!