Søk plass
Hjem  |  Felles skoleturer | Israel og Palestina   |   Women unite!


«We cannot all succeed when half of us are held back».

 

Malala

 

Denne dagen lærte vi mykje om kvinners posisjon. Vi starta dagen i Nasaret der Maria fekk bud frå engelen Gabriel om at ho skulle bli mor. Ein av dei aller største oppgåve nokon kan få og som ga mykje glede men også ei enorm smerte. Nokre av oss fekk sjå Bebudalses og Josefskyrkja, mens nokre kjøpte seg ein nydeleg granateplejuice på markedet.

 

 


Universitetet i Haifa har 180000 studentar. Den ligg på Karmelfjellet og har til og med si eige taubane og fantastisk utsikt. Her fekk vi møte Esther Carmel-Hakim, eit fyrverkeri av ei kvinne som fortalde om Israels historie ut i frå eit kvinneperspektiv. Likestillinga i Israel er komen overraskande kort og ho fortalde om orsaka til dette og kor viktig kvinners stemmer er for utvikling av eit land. Vi fekk ein tur rundt på campus der det var semesteråpning med full fest. 

 

 

 

Sachne, som betyr «denvarme» på hebraisk er ei kjelde som kjem opp og lager eit naturleg basseng. Sjølv om sola titta så vidt frem denne dagen var det deilig å flyte rundt i det  friske vatnet. 

 

 

Manal Marcos er ein palestinsk kunstner som bur i ein landsby i Gallilea og lever i spenningspunktet mellom å vere palestiner og statsborger i Israel. Eit sterkt møte om identitet, protest og kunstnerisk utvikling i eit miljø prega av frykt og mistro, men også ei historie om sterk tilhørighet til land og folk.

 

Ein dag med mykje innhald og eit ønske om å skape refleksjon som i neste sving kan føre til handling. 

 

Isaac Rabin:

 

“There is only one radical means of sanctifying human lives. Not armored plating, or tanks, or planes, or concrete fortifications. The one radical solution is peace.”

Nobel Prize lecture, December 10, 1994

 

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.