Søk plass
Hjem  |  Afrika Mangfold | Afrikaturen 19   |   God morgon Serengeti!

av Silje og Lorentine

Etter ei long natt med hyene latter og fuglesong utanfor teltet var me klar for ein ny dag.
Me starta dagen med game drive 06.30 og såg blandt anna flodhestar, løver, villsvin, elefanter, giraffar, buffalo, krokodiller, aper og mykje meir.

Me kom tilbake til ein nydeleg frukost i 9 tida. Me fekk servert nysteikte pannekaker med lime, fersk frukt og deilig grønnsaksomelett. Etter frukost var det ut igjen. Me såg slitne løver i paringsveke, flodhestar som krangla over kvinnene i dammen og elefantar og løver som krangla om territoriet deira.

Lunsj blei servert i 15 tida og etter ein heilt fantastisk varm lunsj fekk dei som ville ta ein tur til på game drive. Resterande blei igjen og solte seg og slappa av på leiren. Mykje fint å sjå på safari og inkludert solnedgong på savanna som var noko heilt for seg sjølv!
Middag blei servert og me var heilt utslitt etter dagens safari. Med ein vakker stjernehimmel over oss og mette i magane tok me kvelden.

Det var ein veldig fin og spennande dag!