Søk plass
Hjem  |  Afrika Mangfold | De lange linjereisene   |   Viktoriasjøen

av Ingrid Aurora Bygstad Gjesdal

Mandag stod vi opp tidlig for å gå til Viktoriasjøen og sjå fiskarane, som hadde med seg nattas fangst.
Etterpå gikk vi på besøk til Raliew Secondary school. Der fikk vi vere med i ein klassetime, bl.a. geografi, matte og religion. Det var interessant å sjå litt av korleis undervisninga gikk føre seg, og kor engasjerte elevane var.
Etter dette vart vi delt inn i to grupper der vi fikk i oppgåve å lage eit dukketeater. Den eine gruppa fikk tema Health and Sanitation, og den andre fikk tvangsekteskap.
Dei kenyanske elevane var veldig hyggelige og pratsomme, og vi fikk god muligheit til å prate med dei. Det var veldig interessant å høyre om dei og korleis skulesystemet deira fungera i forhold til Norge, og dei var veldig interesserte i å høyre om oss

😄

Etterpå var det satt opp ulike aktivitetar som fotball, basket osv, som vi kunne vere med på. Elevane var veldig inkluderande og lot også nokon av oss spele på deira lag

😊