Søk plass
Hjem  |  Afrika Mangfold | De lange linjereisene   |   Kultursjokk Ja Takk! av Anna Selås Stavang
Eg har fått æren av å skrive første blogginnlegget på reisebloggen vår. Reisa vår starta torsdag 14 mars klokka 14. Då drog klassa frå skulen. Det var ein fin avskjeden med mykje tårer og klemmar. Vel fremme på Vigra fann vi ut at flyet var innstilt med time. Denne innstillinga gjorde at vi måtte løpe til neste gate på Amsterdam. Alle saman rakk det, til og med Ole med brukket lilletå. Så venta den lengste flyturen på åtte timar. Denne brukte mesteparten av klassen på å sove. Eller rettare sagt; prøve å sove. Det er ikkje så lett å få sove på eit heilt fullt fly. Men nokon av oss fekk eit par timar på auget. Heldigvis.
Etter ein lang natt blei vi vekt til flyfrokost klokka tre norsk tid. Trøtt og slitene var vi endeleg framme i Kenya. Vi hadde eit fly igjen som skulle ta oss frå Nairobi til Kisumu. Samanlikna med den åtte timers lange flyturen føltast dinna på ein time som ingenting.
Utafor flyplassen i Kisumu møtte vi alle som skal være med oss på turen. Det var berre å komme seg rett inn i bilane og vidare til første stopp i Afrika.
Luthers school for mentaly handicap er ein skule for psykisk sjuke barn. Nokre hadde autisme, nokre downs og nokre hadde aldri fått ein diagnose. Det var fint å se på at desse barna blei tatt hand om. Dei hadde ein trygg plass å bo, fekk mat og skulegong.
Neste stopp var Kibo school for the blind. Dette er ein skule for blinde barn og barn som ser dårleg. Skulen var stor og var i likhet med skulen for dei psykiske handikappa ein internat skule. Her hadde barna mykje større friheit til å gå rundt. Kvart barn får tildelt ein eller to venar som held saman konstant. Dette er fordi dei ser dårleg og at dei då kan hjelpe kvarandre med å finne fram. Vi fekk og moglegheita til å sjå korleis ein skriv med blindeskrift. Eg blei skikkeleg imponert over kor fort dei skreiv!
Rundt klokka 22 skulle vi ut å møte folk i gata. Først møtte vi ei gruppe som rusar seg på lim. Desse var veldig unge. For å kunne ruse seg på limen er det avhengige av å konstant gå rundt å sniffe på limen som dei har i ei brusflaske. Ungane var veldig imøtekommende. Dei spurte blandt anna om kvifor vi var så kvite. Då måtte vi berre le og fortelje at vi var frå kalde Noreg langt opp i nord. Dei spurte og om pengar, men det kunne vi ikkje gje dei. Derimot så fekk dei alle spise på ei matbod som serverte dei noko godt å spise. Barna var veldig takknemlige!
Personleg syns eg det er skremmande å sjå at så små barn kan være så rusa. Det er skummelt å tenke på korleis andre kan utnytte dei og korleis framtida deira vil bli.
Dei neste vi skulle møte var unge jenter som prostituerte seg. Desse var veldig hyggelige og nysgjerrige på kven vi var. Men dei var og veldige ivrig på å få oss vekk slik at vi ikkje skulle skremme vekk kundane.
Møte med dei prostituerte var siste stopp dinna dagen. Saman hadde vi reist frå Noreg til Kenya og samtid hadde fullt program når vi kom fram. Ditta var litt av ein dag!