Søk plass
Hjem  |  a Blogger   |   If you're going to San Francisco

Alle pass er på plass. Reiseforsikring, pengar, billettar og ESTA-visum sameleis. USA-klassa er klar for den store turen som dette året startar i SF.

IMG_0990

Nokre pakketips skal fordøyast, nokre vanlege skuleveker, elevkveld for alle Borg-elevane, skidagar på Strandafjellet og vinterferie skal tilbakeleggast. Men det kriblar unekteleg både her og der, for nedteljinga er igong.

IMG_1004

Etter Alcatraz og Golden Gate Bridge går turen til møte med studentar ved University of Las Vegas, til Grand Canyon, kaktusar og ørken i Arizona, CSI-lab i Phoenix, innom native American-kulturar i New Mexico, høgt til vérs på air balloon-ride og fallskjermhopp, US air base i Colorado og diverse sports-events.

IMG_0803

Det blir lange bilturar gjennom ørkenen før vi vender nasa heimover til påskeferie.

IMG_0820

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.