Alle blogginnlegg
Debuten kunne knapt vore meir dramatisk. Tur til Kenya og Tanzania var planlagt og booka for januar 2008, men i romjula braut borgarkrig ut etter krangel om valresultatet til parlamentet i Nairobi. Etnisk vald og dramatikk overført direkte via TV-kamera, fekk det norske Utanriksdepartementet til å åtvare mot å reise dit.
No var gode råd dyre, men Borgund fekk omdirigert sitt reisefylgje frå aust- til vest-Afrika. Det var nesten slik at elevane kom til flyplassen i den tru at dei skulle til Kenya og fekk istaden utdelt billettar til Ghana. Mannen bak ‘snu-operasjonen’ var Ato.
Ato tyder ‘gut som er fødd på laurdag’. Det skjedde på bygda i det demokratisk relativt stabile Ghana. Møte med ein sjarmerande norsk student i Afrika førte den unge mannen til Volda på Sunnmøre. Kor mykje han fekk bruk for si BA-grad i drama, frå University of Ghana, den nemnde romjula, er vi usikre på, men den gjorde nok utslaget då han vart hyra som drama-lærar på Fagerlia vgs. Med eksamen også i statsvitskap, med stort hjarte for sitt heimlege kontinent og med ei veksande innsikt i folkehøgskulen sine spesielle kvalitetar, enda hans norske reise førebels her på Borg.
Ghana-turen i 2008 vart kanskje den mest spesielle, der dagsprogrammet dagleg vart lagt kvelden i førevegen.
– Ghana sin tur kjem sikkert igjen, seier Ato, men aust-Afrika med sitt rike dyreliv og si rike misjonshistorie, har vore ei tryggare satsing så langt.
Borgund kan stadig skilte med å vere einaste folkehøgskule som reiser til Afrika med ein afrikanar. I over 10 år har me reist til Afrika med elevar. Dei siste åra med denne rotekte og fargeekte afrikanaren som kom til Borg i 2007 og som heile tida sidan har sett eit definitivt Afrika-stempel på turane.
– Du må reise til bygda skal du oppdage det afrikanske, ifylgje Ato. Me brukar mykje tid på eit sjølvhjelp-prosjekt i bygda Kanyako. Når bygdefolket dreg til storbyen, endar dei straks i slummen. Mange hjelpeprogram har brukt ressursar i slummen, men slummen held berre fram med å vekse.
Annleis hos Luo-folket, der vi møter folkeleg kultur. Skeptiske norske elevar med sarte naser og urolege magar, bur i heimane hos folk i fleire netter, som born i familien. Enkelt, men reint. Hos fattige folk utan straum og innlagt vatn. På tynne matter på golvet om natta, med felles måltid og aktive i bygdelivet. Dei tek del i oppvasken og reingjeringa, matlaging og timeslange spasereturar for å hente vatn. Somme har fått nok etter fyrste natta. Dei får bu på sjølvhjelpsenteret utan noko sure miner frå vertsfolket.
– Etter slike opplevingar kjem elevane heim med kompetanse ingen reisebyrå kunne skaffa dei, seier Ato.
Er det ubehageleg for deg å vise fram fattige Afrika?
– Det er ubehageleg å reise med 20 kvite som kikar ut på folk som i ein dyrehage frå vindauga i ein luksusbuss. Vi let dei få sjå slummen fyrst, så gå på besøk. Den store forandringa skjer når dei må stige ned og bu der folk lever livet sitt.
Kva slag hjelp nyttar?
– Å sende pengar er det minst nyttige. Forandring tek til når ungdomar får utdanning og vender attende dit dei vaks opp. Vi må snu straumen til byane og slummen, tilføre kompetanse til bygdene og forandre livet der. Her er sjølvhjelpsprosjektet i Kanyako, som vi på Borg støttar, eit eksempel til etterfylgjing.
Ei Afrika-reise inkluderer også sjølvsagt både spennande dyr og fascinerande natur.
– Vi overnattar i telt i Serengeti nasjonalpark og Ngorongoro vulkanske krater med alle dyrelydane rundt telta, men med godt vakthald. Møte med ein bøffel på 5 meters avstand og løver som tissar på bildekka våre, blir til minner som seint døyr.
Etter press innrømer Ato at han er mykje meir redd slangar enn det nokon elev er.
Lesernes kommentarer