Søk plass
Hjem  |  Felles skoleturer   |   Øyhopping 2022

 

 

Første dag gjekk turen til Molnesfjellet på Vigra. På sandstranda bak fjellet i Bårevika følgde ball og bading.

 

 

På øy nummer to, Valderøya, måtte vi inn i Skjong hellaren der det bodde folk for 8000 år sidan.

Etter overnatting på nyoppussa Godøy bedehus gjekk gruppa Eltrane med fantastisk utsyn mot hav og fjorder. Målet var Alnes som låg på andre sida. Vi besøkte kunstsenteret og fyret og var innom øya Giske med omvisning i 1100-talskyrkja på øya.

Dag tre avslutta vi i Borgundgavelen på Sunnmøre museum. Vi skulle berre slappe av som passasjerer på ei så kalla bankskøyte, men på grunn av sjukdom, måtte vi komme oss fram på eiga hand. Det gjekk opp for fleire at å skulle ro saman 8 personar krevde samhandling og presis bruk av sjøuttrykk.

Heile øyhoppinga gjekk føre seg i strålande sol.

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.