Alle blogginnlegg
Å reise til Jerusalem utan å besøke tempelplassen ved Klippedomen er som å snu 20 høgdemeter under ein topp på Sunnmøre. Sjølvsagt kan det hende og det kan vere nødvendig i uroleg vêr. Men vi satsa og stod klare i køa litt før sju. Moriaberget og høgda kring er kalla Tempelhøgda i vår del av verda. Den er knytt til viktige forteljingar som set sitt preg på milliardar enno. Her vart Abraham utfordra på om han kunne ofre Isak, Jesus kom hit som tolvåring og som 30 åring. I ein draum Muhammed hadde reiser han til den sjuande himmel frå nettopp tempelhøgda. Ikkje eit enkelt område å dele på når det er så viktig for mange.
Betlehem er palestinsk sjølvstyreområda og neste by i ruta vår. Grafitti og gatekunsten på palestinsk side:
Fødselskirka, her fra taket av vår favoritt julekrybbebutikk.
Tid for Fødselskirka saman med Josef. Denne Josef er guiden vår. Palestiner fra Beit Sahur nær Betlehem. Sporty nok til å ta på alle hodeplagg vi foreslo.
Her er gjengen samlet framfor søylene med bilete av heilag Olav og danske St Knut. Funfact: Knelande for heilag Olav ligg ei kvinne, kanskje det var henne som finansierte dette måleriet under ei pilegrimsreise i middelalderen. Danske St Knut er malt på den søyla vår danske Lukas peiker på.
Solnedgangen fekk vi på Herodium. Ei fantastisk forestilling viste korleis VIP-losjen bak teateret der kan ha sett ut då Agrippa kom på besøk frå Roma til Herodes. Han vart imponert av alt Herodes hadde fått til så langt frå Roma.
Imponerende Herodium.
Solnedgang ved Herodium
Etter middag dro de med enda mer energi til torget foran fødselskirka med indiacha og volleyball:
Lesernes kommentarer