Etter å ha fått rett Corona-sertifikat, ny coronatest 24 timer før innreise, utfylling av digitalt innreiseskjema som måtte bli grønt og grundig sjekk på Vigra, i Oslo og Istanbul…. landa vi i Tel Aviv.
Og vi fekk komme inn i Israel trøtte og utruleg letta. Gleda var stor også frå våre israelske guider. Vi er første gruppe frå Noreg etter at pandemien kom.
Og det følest som eit mirakel at vi klarte det. Og det blir godt med ein (litt) rolegare dag 2.