Søk plass
Hjem  |  Felles skoleturer | Israel og Palestina   |   Galilea innfrir

Etter ei kort natts søvn starta vår første dag der Jesus heldt si bergpreike i vakre, vakre Galilea. Jesu ord som starta med nokre få tilhøyrarar, fekk seinare sette sitt preg på Europa. Verdiane landet vårt vart bygt på kom herifrå.

Så gjekk vi ned til Gennesaretsjøen som er avbilda i mange kyrkjer og bedehus. Etterpå måtte vi prøve sjølve å vere i båt her det brått kan blåse opp. Det skjedde ikkje denne dagen, men vi forsto betre at det var farleg nok.

Så var det tid for middag der alle som ville, fekk smake St.Peterfisk. Det var godt kjøt, men med mykje bein.

Etter å ha hatt merksemda på Galilea som området der Jesus lærte og verka, vart fokuset skifta då vi bussa opp til Golanhøgdene. Vi lærte om tidlegare konflikter mellom Israel og Syria. Bussturen tilbake var mens sola gjekk ned bak fjellet og det var utruleg vakkert.

Sol og varme på Saligprisningsberget gjer at her er det godt å vere.

Båttur på Gennesaretsjøen med bibeltekster og israelsk dans.

På Golanhøgdene Mt Bental med utsikt mot Syria

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.