Søk plass
Hjem  |  Felles skoleturer | Israel og Palestina   |   Besøk i Jericho

Dagen starta med besøk av rabbi Michael Melchior i synagogen på hotellet. Etter innleiing av Melchior vart det samtale om situasjonen i Israel. Og elevane spurte og svara dei fekk tilbake, sette tankane i sving. Møtet gjorde stort inntrykk og var samtidig veldig hyggelig.

Vi rakk også å besøke Gravhagen som er ein fredfull plass som nokre meiner er staden der Jesus vart grevlagt.  Der passa det å ha nattverdsamling i friluft.

Turen til Jericho var ein lang nedoverbakke frå 750 m.o.h. til 240 m.u.h. Vi besøkte Seeds of Hope som er ein ideell organisasjon som vart sett i gang av ein tidlegare PLO soldat som vart kristen. Vi fekk høyre om korleis arbeidet gradvis har vokse. Alt som vart gjort skulle vere prega av godleik og respekt for elevane.

Dette var ein litt rolegare dag, men likevel full av sterke inntrykk.

Møte med rabbi Michael Melchior

 

 

Gravhagen ved det som er kalla Gordons Golgata

Besøk ved «Seeds og Hope» og vandring i Jerichos gater

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.