Alle blogginnlegg
No man is an island- felleskap er viktig. Saman har vi besøkt mange øyer i løpet av vår øyhoppetur. Frå fjøre til fjell har vi opplevd sunnmørsk kystkultur og natur.
Frå vår lille perle langs Storfjorden dro vi med bussen til turens første destinasjon Vigra! Etter ein fin tur over Molnesfjellet åt vi matpakke (og nokon var så tøffe at dei bada!!!) i pjuskregnet før vi besøkte Sjonghellaren. Ei hule i fjellet med historie 30 000 år tilbake med god akustikk og utsikt over øysamfunna. Etter ein god sjølvlaga fiskepakkemiddag, miljøkveld (med utruleg morsomme reklamessketsjar) og kveldsstund i Johanneskapellet, fekk vi nokre timar med søvn på Valderøy bedehus.
Onsdagen var vi igjen på vei til ei ny øy. Denne gongen dro vi til Godøya. Nokon tok vegen over Rantana frå Gjuv, mens ei anna gruppe gjekk langs foten av fjellet, gjennom ein tunell (vi såg ingen ku), og ut til vakre Alnes fyr. På vegen besøkte vi kunstnar Ann Kathrin Alnes som med stor gjestfrihet og entusiasme viste oss både galleriet og heimen sin. Spanande å få høyre korleis ein kunstner arbeider og lever livet sitt. Vi vart alle samen samla på Alnes opplevelsessenter der nokre av oss var oppe i fyret. På veg tilbake på skulen besøkte vi Giske kapell, ei kyrkje frå 1100 talet der vi fekk høyre om Giske sin sentrale plass i historia vår. På skulen venta varm middag og ein god dusj.
Torsdagen var det ishavshistorie som sto i sentrum. Vi tok ferge til Hareid og besøkte Ishavsmuseet der vi fekk høyre historia til dei som forlot heim og familie for å reise på ishaveet på fiske. Ei påminning om at livet ved havet ikkje alltid har vore enkelt. Etter det gjekk vi ein tur til Kvitnes fort, eit tysk kystfort frå andre verdskrig før bussen trilla tilbake til skulen (etter ei svele på ferga)
Ein fin tur med flotte folk!
Lesernes kommentarer