Alle blogginnlegg
Foto: Matthias og Hallvard
Tekst: Hallvard
Dag 1
Vandringa starta i sol på Vigra opp til Molnesfjellet med sine 123 moh. Bak fjellet bada nokre mens dei fleste lytta til havets bølgjer og såg seg rundt. Området var viktig under 2.verdskrig og vi såg restar av bunkerar og kanonstillingar.
Etterpå drog vi til Valderøya og gjekk opp i Skjonghellaren der det har budd folk for mange tusen år sidan. Etter det avslutta vi dagen på Valderøy bedehus med litt kveldsprogram og kveldsbøn i Johanneskapellet.
Dag 2
Etter busstur gjennom undersjøisk tunnel starta vi frå Juv og gjekk over Rantane til Alnes. Få plasser er horisonten så vid som her. Dessverre var Fyret og senteret på Alnes stengt, men det flotte veret gjorde at alle kosa seg. Før tilbakereisa til skulen var vi innom Giske kyrkje og fekk gaiding i kyrkja som er frå ca 1130.
Dag 3
Besøket på Sunnmøre museum starta i «Åkre bedehus», eit stasbygg som vart flytta frå Haramsøya til museet i 2018. Så var det ut i båt. Det viktige ordet for alt ombord var ordet samarbeid. Det var veldig gøy å prøve ulike roller. Å ro i takt og å kunne manøvrere krevde mykje prøving og feiling. Etter lunsj fekk vi opplæring i bueskytting og høve til å sjå utstilling og går rundt i bygningane.
Lesernes kommentarer