Alle blogginnlegg
Fyrste morgon-samling i Israel. Somme var oppe med sola for joggetur før frukost medan andre planla dagens tur med segway. Alle var i møtesalen for morgon-song og Ord-for-dagen. Så vanka det gode råd for ferdsel på eiga hand i Jaffa-området, om solkrem og shekel.
Det vart bading i Middelhavet, vandring i historiske Jaffa og i millionbyen Tel Aviv som var ganske stengd pga Løvhyttefesten.
Dagen vart for alle avslutta på torget framfor hotellet med folkeleg song og dans: Løvhyttefeiringa kulminerte ikveld med paradering med bokrullar, flagg, bukkehorn og trommer. Eit fargerikt opptog med Borg-elevar midt i arenaen.
Ein roleg start, altså, på Israelturen. No ventar eit par-tre dagar med lange bussturar og stans på meir eller mindre kjende historiske og bibelske stadar.
Fylg med, fylg med!
Lesernes kommentarer