Det sitrar av stemning i salen. Det er svette hender, sommerfuglar i magen og glad forventning. Tid for huskonsert!
Den siste onsdagen før jul hadde vi huskonsert. Gjennom hausten har vi hatt valfag innan musikk og dans som vart presentert for resten av skulen. Dette er eit høve til å stå på scena og få vist kva ein har jobba med.
Vi fekk både forrykande dansing, rørande, fengande og vakker sang samt eit klingande valthorn i ei blanding av songar frå jul til Rhianna. Det heile vart omkransa av allsang med gitarar. I det heile tatt ein fin konsert der både komfortsoner vart brutt og mange fekk øynene opp for nye sider ved seg sjølv og andre. Vi gjer det igjen i februar.
Lesernes kommentarer