Midt i Mississippi-elva ligg Winona. Ein gong dotter til ein mektig Sioux-indianar. Idag ein universitetsby kalla opp etter henne. USA-klassa starta idag utforskinga av både byen og studentane her.

8000 studentar set sterkt preg på ein fredeleg midtvest by, og idag har også vi. Og tenk for ein overgang det var for oss å kome frå +27 grader i Orlando til -6 i Minneapolis igår kveld!

Her vart vi tekne imot av Winona State University studentar som tok oss rundt både på campus og i byen. Utsikt frå Garvin Heights og besøk på coffee shops og i historic downtown.

Ikveld vert vi fordelte på familiar for å kome på innsida også av den delen av amerikansk kultur. Mange nervøse studenthjarte mellom oss idag, men vi vert fordelte ut to og to, så vi skal nok overleve.

Så ‘tomorrow will show’, som dei seier over here.

1-IMG_7589