img_6392_web

Ein RBK-supportar møter ein MFK-supportar, ein vestnesing møter ein vassbygding. Kryptisk? Ida Camilla Øren Paulsen frå Vassbygda (70 innbyggarar langt oppi Stjørdalsfjella) og Kristine Møller Furland frå Vestnes har vore ‘classmates’ og gode veninner dette året.

I Vassbygda driv folk med sau, og det som ikkje kan gjerast med traktor, vert sjeldan gjort. Camilla kan handtere begge deler. Og motorsag og vedkløyvar. Ein må ta i eit tak, sjø. Ho har odelsrett, men trur det blir søstera som får ta over sauene. Camilla vil heller ut i verda.

I Vestnes er det litt meir urbant, ikkje by men byggefelt. Kjekk plass, for alle kjenner alle og tek gjerne i eit tak for kvarandre, og litt sladder.

img_6312_web

Kristine pendla til vgs i Molde med service, samferdsel og reiseliv (tur til Barcelona). På fritida vert det mykje henge med vener og TV-seriar. Men ei fotointeresse har spira sidan konf-tida. Så det blir mykje stoff til scrapbooking om eige liv og tema frå turar m.m. Kristine er ei tilsynelatande roleg jente, men ikkje alle har sett kor mykje liv som boblar innvendig! 25. april vert ho 20 og då skal alle utestadane i Vestnes og Molde få meir å tenkje på.

img_5364_2_web

Camilla gjekk musikklinje med vokal, piano og gitar. Før den tid var livet fylt med friidrett (hekkeløp m.m.) og fotball. Ein fotskade sette effektiv stoppar for den karrieren. Men musikkorps og 4H har vore trufaste følgjesveinar i årvis og ho har alle 4H-gradene.

– Kva drog jentene til folkehøgskule?

Kristine trengde eit friår. Ho leita på nettet etter skular og fann Fana med psykologi og Borg med USA. Då vart valet lett, sjølv om Borg var dyrare. Det går bra med tilskot frå pappa.

Camilla fekk idéen ein dag ho surra rundt på nettet. Ville eigentleg ta opp at vgs-fag og søkte først i august på restplassar i fhs. Fordi Borg var raskast å svare, vart det slik. Mormor finansierer det Lånekassa ikkje dekkjer, så då går det.

– Har dette året svart til forventningane?

Meir enn forventa, svarer begge. Dei har utvikla seg sosialt og personleg. Camilla merka ho fekk starte på nytt, kome ut av fastlåste rollemønster, bort frå ekskluderande miljø. Kristine har blitt mindre beskjeden, og har lært spesielt mykje av psykologi-timane. Har notert alt som blir sagt der. Turane har vore fantastiske, nesten som å vere i ein TV-film.

Camilla har som mål å gjere ferdig vgs, men til hausten vil ho ta internasjonal bartendarskule og reise verda rundt og mikse drinkar. Etterpå har ho lyst å fordjupe seg i historie, gjerne arkeologi og kanskje bli lærar. Men planane er heller lite faste.

Kristine vil studere mat, helse og konservering i Volda. Matlaging er hennar fag, kanskje bli restaurantkokk eller noko i den lei.

– Kvar er de om 10 år?

Kristine trur ho er kokk i USA, rikt gift med eige hus i Florida. Veit ikkje om ho vil ha barn, for ho kan berre ikkje tåle bæsjebleiar.

Camilla jobbar i bar eller bokhandel i Irland om 10 år. Ho har eit lite hus på landet utanfor Dublin med irsk mann og hund. Barn har ho berre i tanken.

God tur!

img_5828_web

img_5593_web