img_5986_web

Vestlandsduetten tok påskeferien i Wisconsin og Illinois dette året. Greitt det når Anna har amerikansk pass og kontakter over alt. Det vart råning i Chicago og til topps i Willis Tower i tillegg til storfamiliekos.

Anna Sophie Bilstad Steinsvåg er Sandnesjente med tre småsyskjen og Ingvild Kjelsvik har vakse opp i Åsane (5109 Hylkje) med ei veslesyster. Begge er gode dame-emne med klare ambisjonar i livet.

img_5795_web

Anna hadde ei tid fotballambisjonar, men flytta frå miljøet og arbeidde seg heller opp i faga politikk, menneskerettar og bedriftsledelse. Ho fekk uforståeleg dårleg karakter i spansk, men har det greitt.

Ingvild jobba seg ikkje inn i vidaregåande-miljøet før i 3. klasse. Ho er ein racer i engelsk, men kom seg opp i matte først litt etter kvart. Elles er ho god på chilling med vener.

– Kvifor ville jentene på folkehøgskule?

Anna ville eigentleg til USA og planla å vere heime og tene seg opp midlar. Men foreldra ville ha henne ut av huset, og faren gjorde felles sak med mannen til internatleiaren på Borg, og dermed var løpet køyrt. USA-opphaldet får vente.

Ingvild ville studere, men visste ikkje kva. Plan B var å jobbe, men lysta til å kome til USA var sterkare, så ho søkte opp alt som var av USA-linjer, og dermed var valet lett: Det måtte bli Borg.

img_5682_web

Det valet har ingen av dei angra på til denne dag. Og enno midre idag, i 28 grader i Florida-sola.

– Kva går vegen vidare etter folkehøgskule?

Ingvild har klart eit bachelor-studium i engelsk pluss omsetjings-studium. Det må ho til Agder for å få tatt. Kanskje skal det kombinerast med hotell-leiing og reiseliv. – Og då kan jammen far til Anna ha klar jobb til henne!

Far til Anna igjen: Han vil ha Anna inn på hotellhøgskulen. Men dit vil ho ikkje. Det må bli personalledelse, evt. kombinert med jus. Og helst i USA.

– Kvar vil så damene vere om 10 år?

Då bur Ingvild i ein medium stor einebustad ein stad i USA med hund, ein unge og mann. Ho driv og omset bøker til engelsk og til norsk og jobbar deltid i bibliotek og på CSI-labben. Ho køyrer ein gamal Ford pickup.

Anna bur ved Los Angeles med hund og ein LA-mann, har eitt barn og eitt på gang, er nabo til Ingvild, men bur i større hus og arbeider som personalsjef i eit oljekonsern.

God reise, seier vi berre.

img_5988_web