img_5368_web

Ein nordmøring og ein romsdaling kamperer ilag på USA-turen. Olav Ellingsgård er eit bortskjemt einebarn frå Aure på Nordmøre. Aleksander Berg er ein mjuk mann frå Vestnes i Romsdal.

Oppvekstmiljøet for Olav har vore mamma, pappa, ein katt og nokre onkel-barn. Dei har han for det meste oversett til no. (Ingen USA-gåver på gang.) Men snart veks dei til, og då skal han skjerpe seg. Han har klare ambisjonar, for han eignar seg ikkje som bygdetulling i Aure. Han vart tidleg fotball-pasient med kneskader, men er ein utadvendt og sosial kar. Litt for mykje festing på vgs la grunnlaget for eit år på folkehøgskule. Pappa masa og mamma støtta han.

img_5378_2_web

Aleksander er yngstemann, oppvaksen i ein varm og god familie. Altfor bortskjemt, han også. Onkel til fire, som han stiller opp for støtt og stadig. Medialinja på vgs reknar han med blir til liten nytte, vanskeleg å få jobb i bransjen for tida. Han måtte bort frå eit sterkt rusmiljø på vgs, så folkehøgskule skulle bli redninga.

img_5351_web

For begge karane har folkehøgskuleåret svart fullt ut til forventningane. Aleksander si mor er tidlegare Borg-elev, og drog sterkt i den retninga.  Olav søkte alle stadar etter reiselinjer, for med fotballskade vart sportslinjer noko krevjande. Dette året har gjort godt også for venene frå vgs-tida. Så no skal festekulturen vere knekt.

– Kvar går vegen vidare?

Idag framstår Olav i ei modnare, mindre skolelei og sikrare utgåve enn før. No skal det bli økonomilinje på BI i Trondheim for alle pengane. Snart har landet fått ein ny siviløkonom.

Aleksander vil gjerne ta helse- og sosial-linje på vgs. Kansekj det kan bli ei karriere innan helsevesenet? Folekhøgskolen har gitt han eit nytt syn på kva som er bra i livet.

– Kvar meiner karane dei er om 10 år?

Olav jobbar då som velståande eigedomsmeklar i Trondheim, med hus i rolig bustadområde på Byåsen, ugift men med dame og eitt barn på gang og ei Audi A3 i garasjen.

Aleksander jobbar som lærar på folkehøgskole på Nordmøre med reiselivsfag på timeplanen, etter fullført lærarskole, med tenestebustad og dame.