img_5466_web

USA-klassa er eit fargerikt fellesskap. Det skal vi gi nokre døme på i dagane framover på bloggen. Vi startar med dei to vi på folkemunne kallar ‘utlendingane’. Ikkje fordi dei er spesielt utanlandske. Ikkje snakkar dei gebrokkent eller med aksent, men ser så norske ut som nokon. Men bakgrunnen er meir eksotisk.

img_5592_web

Grant Erik Glemminge Boyd stiller i Bob Dylan-T-skjorte og er halvblods skotte. Men så ekte at han kan gå med kilt. Og han vurderer å kjøpe sekkepipe for å plage nabolaget. Dialekt: Rein fredrikstadsk.

img_5623_web

David Jelle Vos er heilblods nederlendar frå Stordalen. Ikkje på ein generasjon har det vore snakka meir ekte stordalsdialekt enn det David gjer. Han kom til denne fjordbygda som 8-åring og fann snart ut at dei obligatoriske norskkursa var kjedelege. Etter det har han lært målet etter naturmetoden.

Begge er snille gutar som gjer det dei skal og ikkje det dei ikkje skal. Ingen av dei kan hugse å ha gjort noko ugagn. (PS: Det kan skuldast dårleg minne.)

Grant har som plan å fullføre vidaregåande, og deretter gjerne studere i Skottland eller USA. Hans største hobby er lesing, og deretter dataspel og trening. I bilen på veg gjennom dei amerikanske statane les han Snorres kongesagaer! Han starta på Harry Potter alt i 1. klasse og gjorde fort unna alle bøkene.

David spalar bass, piano og trommer. Mest åleine, men dei hadde eit band på ungdomsskulen og  på Borg har ei gruppe spelt inn ei plate (med éin song på). Han er også lesehest, helst på sakprosa, gjerne historie. Siste bok var den om Edvard Snowden. Om han skulle få velge karriereveg fritt, ville det kanskje handle om ei rådgjevarstilling i politikken. Kanskje tek han til på statsvitskaps-studier til hausten, eller sosiologi eller filosofi eller noko anna.

Ingen av dei har kjæraste.

– Kvar kan vi finne deg igjen om 10 år?

Grant: Gift med to born og stabil jobb med stor leilighet eller rekkehus i Fredrikstad.

David: Gift med amerikansk dame, busett med god utsikt, born og hund i Silicon Valley (ved San Francisco) som dataingeniør.