USA-klassa har pakka koffertar og sekkar og er imorgon tidleg på veg over Atlanteren. Håper mamma, pappa, tanter, bestefedre og andre slektningar oppdagar denne reisebloggen og fylgjer oss her. Daglege oppdateringar kan vi love.

For å få eit fyrsteinntrykk av reiseruta, ta ein titt her:

29. mars – 1. april: St Joseph, Missouri, med amerikanske familiar, CSI, Amish besøk, universitetstudent-dagar m.a.

2. april: Hannibal, Missouri, med Mark Twain og riverboat.

3. april: Springfield, Illinois, med Abraham Lincoln.

4. april: Memphis, Tennessee, med Civil Rights museum og Elvis i Graceland.

5. – 6. april: Nashville, Tennessee, med country music.

7. – 8. april: Selma og Montgomery, Alabama, med Civil Rights March og Martin Luther King jr

9. april: Columbus, Georgia, med Whitewater rafting

10. april: Plains, Georgia, med president Jimmy Carter.

11. april: St Augustine og Cocoa Beach, Florida.

12. april: Kennedy Space Center og NASA, Florida

13. april: Fallskjermhopp ved Kennedy Space Center

14. -16. april: Anna Maria Island, Florida, med Bradenton Beach.

17. april: Everglades Airboat tour med alligators.

18. april: Orlando, Florida, med Universal Studios, Disney World m.m.

19. april: Avreise frå Orlando heimover.