I dag har me brukt dagen i buss. Me var oppe før fuglane kvittra, noko som innebar frukost kl. 05.30. Ikkje alle var like glade for dette. Planen var å vera ute av hotellet 06.15, noko som var bra då nokon av oss trengte litt meir tid (hente lommebok/mobil/pass). Bra planlagt Per!

Etter 4 timer i bussen var me på emmigrasjonen i Peru, her hadde me høyrd skrekkhistoriar om at me kunne komma til å venta i fleire timar. Heldigvis slapp me ut urørte, og me fekk gå over bekken til Bolivia, til alles store lettelse. Her vart me møtt av ein ny immigrasjonskontroll, eit lite bygg med mange klistremerker frå alle delar av verda. Vel ute venta me på bussjåføren i rundt 30 min, før me satt i bussen og var på veg til La Paz. Dette på ein veg som var av delvis asfalt, grus, ørkenveg i flotte naturomgivelser.

Etter 2 nye timar kjørte me inn i La Paz som minna veldig på ein blanding på San Fransisco og San Remo, med fin arkitektur, fargar og blomar. Visste de forresten at dette er ein by som vert større jo lengre ned du kjem?

Vel framme på Casa Alianza gjekk me ein liten tur for å handla på supermarkedet. Det kom og fram at ei av jentene i klassen har kome på bloggen til kjøpesenteret i Lima. Sjå biletet under!

Ann Elise & Henrik