img_5977_web

Sørstatane har sine særtrekk. Somme er knytt til konføderasjonen si historie. Somme til klima og folkeliv. Og mange til kyrkje- og kristenliv. Kyrkjene ligg tett som hagl langs riksvegane. Og flest av dei er baptistkyrkjene. Når folk presenterer seg, tek dei med namn og adresse, samt kva kyrkje dei tilhøyrer. Det er del av den personlege identiteten.

Så her har predikantane stor innflyting over tankesett og levemåte. Og det er tradisjonell, konservativ, bibel-sentrert baptist-forkynning som lyder.

Men ein treng ikkje gå i kyrkja for å få med seg den folkelege apellen. Idag har vi køyrt mellom digre lystavler langs vegane som kastar ut same bodskapen. Det er Jesus i eigen person som kallar folk til omvending, det er dei ti boda og apellar om dagsaktuelle saker som engasjerer i desse miljøa. Meir interesserte må ‘visit us‘ her, skriv dei: www.i-will-be-back.org

Og innimellom også like store ‘confederate’ flagg som kanskje er meint å hente fram minne om fordoms storheit, eller i verste flagg vitne om raseskilje som no skulle vere ei saga blott.

img_5974_web img_5975_web img_5978_web img_5979_web img_5981_web img_5982_web img_5983_web