Når du heiter ‘grande’, ventar ein noko imponerande. Det er ikkje vassføringa som er stor i Rio Grande, elva som renn frå Rocky Mountains til Mexicogulfen. Men lengda er ‘grande’. Og dei ‘canyons’ eller ‘gorge’ elva har gravd ut. Og den betydninga elva har for menneske i to land og mange statar.
Det er visstnok berre dråpar som renn ut i havet, for alt vert fortært på vegen. Ikkje minst no etter fleire år med kjempetørke.
Vi har følgd Rio Grande frå Santa Fe til Taos i New Mexico. Jegerane som jakta bever i m.a. Rio Grande, rev og bjørn og bøffel og elk og anna for eit par hundre år sidan, drog same vegen. Taos var gjerne vinteropphaldsstaden deira. Santa Fe var handelssenteret der aust-vest-trailen og etter kvart jarnvegen gjekk forbi og frakta kjøparar. Den vakre katedralen der i byen framviser vakker indiansk kultur, og på sokkel framfor kyrkja står fyrste indianar som vart kåra til helgen: St Kateri, Lily of the Mohawks.
No er USA-klassa i New Mexico-fjella som dei spanske erobrarane kalla Sanguis Christi, Kristi blod, etter den karakteristiske raudfargen. Midt i Pueblo-land. Vi bur i adobe-hus og et tex-mex og chili.
Imorgon ventar bøffelflokken på Vermejo-ranchen på oss.