Washington DC tok imot oss i strålande sol idag. Men dei arktiske vindane forfølgjer oss. Det er stadig kuldegrader i vårt liv. Men kva gjer det når vi har pizza og film på rommet, og «12 Years a Slave» på rom-kinoen. Så det vart pannekake-med-sirup-frukost i New York, chips på toget Silver Meteor og pizza på Holiday inn til kvelds. Innimellom der vart det tid til ein dukkert i bassenget.

Vi startar altså programmet nice and easy her i byen. Men vi har Obama i kikkerten, og Senatet og Kongressen og heile hovudstaden.

Må stikke no, for Nils Joakim skal straks starte sitt Ord-for-dagen:)