blog_2998

Vi kunne komt ridande med hest og buggy. Vi kunne vore mormonarar på leiting etter land å slå seg ned for å unngå forfylgjing. Vi kunne komt som jarnbanesluskar og oppretta settlements etterkvart som vi bygde bana. Vi kunne hatt speidarar ute for å sjå etter krigerske apache-indianarar. Vi kunne ha drive kvegranch som forsynte soldatane på fortet med mat. Eller vi kunne handla fårekjøt og ull med dei lokale navajo-indianarane.

Men tidene har endra seg sidan 1800-talet. Idag er det fire-felts interstate gjennom Mogollon Rims, fjell-landskapet i grenselandet mellom Arizona og New Mexico. Mormonarane driv reinslege småbyar som tek imot turistar frå Phoenix-området når temperaturen der nede kjem opp i 40 og 50 gr C om sommaren. Indianarane er fordrivne til reservat der dei lever i enkle kår, i fattigdom, arbeidsløyse og alkoholmisbruk. Mange av heimane er utan straum, utan innlagt vatn og alt vi tek for gitt.

Men landskapet er majestetisk. Ei fantastisk variert og vakker høgslette som strekkjer seg frå kaktus-skogane i bakkehellingane vestover i Arizona, gjennom stadig tørrare ørkenlandskap over til stein- og fjellformasjonane som formar mektige dalar med uttørka elveleie i New Mexico. Her og der beitar ein liten flokk kveg eller hestar på det som meir ser ut som sand enn gras.

Vi er komne over grensa til New Mexico, til småbyen Gallup, som gir seg ut for å vere den mest patriotiske i heile USA. Krigsveteranar, flagg, bilete og plakettar vitnar tydeleg om det same. Og vi har kome på talefot med navajo-folk og fått innblikk i enno ein ny kultur i dette multikulturelle samfunnet.

blog_2952

blog_2958

blog_2959

blog_2962

blog_2970

blog_2976

blog_2977

blog_2991

blog_2992

blog_3001

blog_3002

blog_3004