img_5672_web

Frå Tennessee heilt til Gulf-kysten strekkjer staten Alabama seg. Hovudarena for mange av dei mest dramatiske hendingane i borgarrettskampen. Alabama deltok på konføderasjonen si side i borgarkrigen. Her fekk også Ku Klux Klan stor makt på 1950-talet og framover. Her budde Martin Luther King jr storparten av sitt liv. Staten ligg i bibelbeltet og vert rekna som politisk-religiøst heller konservativ.

Folketalet her er like under det norske. To tredelar er kvite og ein fjerdedel er svarte. Av resten er storparten latinamerikanske. Ikkje rart at Alabama vart eit sentrum i borgarretts-kampen. Hendingane i dei berømte filmane ‘The Help’ og ‘Selma’, som vi har snakka om i klassa, utspelar seg her i staten.

Hank Williams, ein av dei store country-fedrene, var frå Montgomery, der vi er innosjerte ikveld. Temperaturen er godt over 20, og med utsikter til å vere stigande. Ein vakker stat, låge åsar og mange innsjøar.

Men imorgon tidleg skal resepsjonisten fortelje for oss si historie om korleis det var å vekse opp her som svart. Då er nok ikkje alle detaljane like innbydande. Meir om det.

img_5663_web img_5667_web img_5673_web img_5675_web img_5677_web img_5678_web img_5679_web img_5711_web