blog_2502I USA-klassa har vi to damer frå indre strøk: Flaten frå innlandet og Flåten frå Indre Sogn.

Thea er frå Prøysen-land, oppvaksen i Brøttumsbakkane, men med adresse Lillehammer idag. Med fire søsken og ein haug tantebarn, forstår ein at ho har blitt USA-klassemamma. Thea har eit bekymra morsinstinkt. Ho passar på at alle har det dei treng, at ingen er lei seg og deler ut antibac dagleg. For henne er det viktig å sjå Mjøsa.

Benedicte er ein småstressa, viljesterk sogning. Med to småbrør, styremedlem i Sogn og Fjordane Unge Høire og ambisjonar om å bli langtransport-sjåfør, er det vel ikkje anna å vente. Karrieren er klart opplina: Fyrst underbetalt lærling, så ein periode i varedistribusjon i Indre Sogn for å nå toppen med langtransport. Ho ser lengselsfullt etter 18-hjulingane vi passerer dagleg på interstates i USA. Ho masar gjennom heile intervjuet om å få gå og kjøpe seg vatn!

Det flauaste for Thea til no var då ho vart sjekka opp på Madame Tussaud’s i SF. Vart forveksla med voksutgåva av Marilyn Monroe. Elles har ho som mål i livet å bli anten interiørdesignar, politi eller slaktar.

Flåten ville heller til Bergen enn Ålesund, men falt for USA-linja på Borg. Thea berre følgde etter Elisabeth (dukkar opp som Askepott seinare i denne spalten). Ho fekk Ålesund med på kjøpet, men likar at det ikkje er så kaldt der.

Det dei ser mest fram til med turen er å sjå Grand Canyon og Las Vegas (Flaten), å kome heim og mimre om alle opplevingane på landevegen og på shoppingsentra (Flåten). Thea er over 21 og vil prøve lykka i Las Vegas. Reisebloggen vil kome tilbake til spørsmålet om evt. innsamling for å få henne heim att til Brøttumbakka.