blog_2400To stødige damer som kan setje sjøbein og trivst med vestavind i håret. Begge bur på øy, begge går som i motvind uansett vér og begge heiter Siri, den eine rettnok med påhengt -l. Siri frå Fanøy i Sunnfjord (attmed Florø) og Siril frå Sørvågen, nest ytterst i Lofoten. Eller sagt på ein annan måte: Ei snill ei frå Lofoten og ei ærleg frittalande frå Florø.

Siri er verdas lataste, etter eige utsegn. Ho står ikkje viss ho kan sitje og sit ikkje viss ho kan ligge. Og søv gjer ho kvar som helst og når som helst. Begge skryt på seg opptil fleire tatoveringar, frå Harry Potter til ein som vi ikkje kan skrive om enno, i tilfelle mamma les dette.

Siri/l er begge velkjende med breiflabb, krabbe og torsketunger. -l er dessutan veldig glad i fjelltoppane i Lofoten.

Kva dei ser fram til på turen?
Å få ny tatovering i Las Vegas og å sjå kor det går med fallskjermhopparane i klassa når dei skal lande på fredag den 13.

Det beste på turen til no?
For Siri sandwichen ho kjøpte på Haight and Ashbury. For Siril basketballkampen med Golden State Warriors.

Siri/l har allereie fått meirsmak på USA, og dei har eit råd til neste års USA-klasse: Ta med kart og kompass, ikkje stol på at Matthias veit kvar han skal.

Jentene er no på veg til Las Vegas, framleis lutande opp mot nordavinden.

blog_2460

blog_2458