img_5430_web

Heile denne veka har vi lurt på kven ho er denne miss Ouri vi reiser rundt i og studerer frå alle sider. Det viser seg ikkje å vere ei dame, likevel. Kanskje ikkje eingong ei indianarprinsesse eller noko anna kvinneleg.

Denne nummer 21 i storleik og 18 i folketal av statane i USA, ligg der dei tre elvane Mississippi, Ohio og Missouri river møtast. Staten har fått namn etter den sioux-språklege missouri-indianarstamma som også vart kalla ‘dei som har uthola kanoar’. Andre meiner namnet betyr ‘den lange elva». Så vi satsar på ei miss i ein uthola kano som padlar nedover ein lang elv.

Overfor turistar kallar denne staten seg «Show-me-state». Andre kallenamn har vore «The Lead State», «The Bullion State», «The Ozark State», «The Mother of the West», «The Iron Mountain State», «Pennsylvania of the West» og «Cave State». Dessutan er det Walt Disney, Walter Croncite, J.C. Penny og Mark Twain sin heimstat.

For oss er det ein gjestfri stat, med eit litt flatt men variert landskap og veldig fargerikt i treblomstringstida når vi er her.

img_5497_web img_5509_web img_5481_web