Dyrelivet i Florida har imponert oss igjen. Ikkje mange av oss hadde høyrt om manatee før vi fekk møte dei i vill tilstand nær Apollo Beach.

Manatee er ein fredeleg, saktegåande fyr som lever i varmt sjøvatn. Forhistorisk å sjå til. På avstand liknar dei på kvalros, men er planteetarar, godmodige og late. Deira næraste slektningar er elefantar, så vi snakkar her om lange linjer av evolusjon.

Mange av dei døyr av kollisjon med båtar eller av for kaldt vatn. Så dei har funne seg ein behageleg vinter-opphaldsplass der utslepps-vatnet frå Tampa-kraftverket renn ut. Så snart sjøen i Tampa Bay kjem undr 20 gr C, søkjer desse ‘gentle mammals’ inn hit i varmen.

Idag hadde dei selskap av rovfiskane ‘tarpon’ (veit ikkje det norske namnet) og svarthale-hai. Kanskje ikkje så rart at ingen av oss fekk lyst å bade.

1-image