img_5483_web

USA’s nest lengte elv. USA’s viktigaste vassdrag. Idag har vi flytta oss langs Mississippis breiddar rett sørover. Vi er iferd med å bli varma opp. Etter litt småkjølige dagar i St Joseph og ein vindfull dag i Hannibal, stig no temperaturen både utandørs, i minibussane og i kroppane til forventningsfulle studentar.

Mississippi endar i Mexico-gulfen. Og dit skal også vi. Siste akt i USA-turen handlar nemleg om sandstrender, solbrente ryggar og badetemperaturar på Florida-kysten.

På vegen sørover ferdast vi der ‘steamboats’ skapte liv og røre i generasjonar. Den amerikanske borgarkrigen fekk ei dramatisk vending då sørstats-styrkane tok kontroll over denne elva som var så viktig både for handel og ferdsel.

Elva renn i djupaste dalføret som utgjer romet mellom Rocky Mountains og Appalachia-fjella. Her er vi no på ferde. Her er historiske høgdepunkt, hillbillies, sørstats-herregardar, bluegrass-, blues- og country-musikk. Vi dreg alt saman inn i djupe drag.

Idag enda ferda i Vest-Memphis, Arkansas. Imorgon er det borgarrettar, Graceland og ‘cotton fields back home’.

img_5557_web img_5555_web img_5561_web img_5564_web img_5565_web