Første dag i La Paz blei ein innholdsrik dag. Vi fekk ein god frukost på Casa Alianza, som er Misjonsalliansen sitt gjestehus her i La Plaz.

 

bild 1. 5.mars

Nokre av reisefølget starta dagen på legekontoret, kor det blei avdekt matforgifting for fleire. Dei kom tilbake med medesin, og god tru på betre dagar!

 

Først kom lederen for Hiv/Aidsarbeidet til organisasjonen og informerte om arbeidet som blir gjort for dei hiv/aidssjuke i byen. Etter fekk vi eit sterkt møte med ei aidssjuk firebarnsmor. Ho fortalte om livet sitt, og det å vere aidssjuk her i La Paz. Ei gripande forteljing.

 

Etter ein god lunsj på Sviss Oberland var det tid for tur på  firhjulinger i byen og i Månedalen. Vi kjørte rundt i Månedalen og var på fleire fine utsiktspunkt over byen. Vi kan berolige alle, det gjekk fint både på smale grusveier og i trafikken.

Bilde 3. 5.marsbilde 2. 5.mars

bilde 4. 5. mars

Etter ein god dusj, for å få av seg alt støvet. Drog vi tilbake til sentrum for middag. No er det kveld, og det skal bli godt med ei god natt søvn.

 

I morgon skal vi besøke arbeidet til Misjonsalliansen på El Alto.