img_6418_web

Idag er det farvel USA, farvel Obama, farvel Jim and Carl, farvel 27 graders varme, farvel badetemperaturar i Florida. USA-turen er over. Vi vender heim til sludd og kulde. Om det hadde vore folkeavstemning i USA-klassa, hadde fleirtalet helst ikkje vippa til fordel for heimreise. Men idag er det ingen bønn: We are going home.

Det nest siste vi gjorde var ein traskedag på anlegget til Universal Studios og på Disney World. Det siste var å rase gjennom Florida mall på jakt etter shopping-godbitar. Skyttel-transport var vel organisert, men likevel fekk fleire drosjer jobb med å frakte norske studentar i hælane på minibussen vår. Du veit, somme elskar det å sove frampå meir enn gratis skyss.

Men no har vi sett (nesten) alle sights og vi har besøkt (nesten) alle shops. Vi har farta gjennom 8 statar (pluss mellomlanda i 2 til). Vi har kryssa USA frå nord til sør. Vi har bada  i Atlanterhavet og Mexicogulfen. Vi har reist gjennom borgarkrigen og borgarrettskampen. Vi har opplevd amerikansk familieliv ved kjøkkenbenken og i godstolen. Vi har stifta bekjentskap og utdjupa venskap. Vi har møtt heltar og antiheltar. Vi har smakt heile spekteret av fast-food og besøkt høgt respekterte restaurantar. Vi kjenner no både southern food og southern hospitality. Vi har møtte country-gitaristane og -songarane. Vi kjenner museer og konsertsalar frå innsida. Vi har vore ‘on the road again and again and again’. Vi har vore i kyrkjer og høyrt predikantar. Vi har brynt oss på kvarandre og vokse med det.

Og vi trur at vi er nye og betre menneske og ei ny og betre klasse enn vi var for 3 1/2 veke sidan. Synd det er berre 2 1/2 veke att av heile skuleåret. Men dei har vi tenkt å bruke godt.

Det er avreise frå Orlando idag, tirsdag ettermiddag, og Delta/KLM tek oss via Minneapolis og Amsterdam til ein flyplass nær mamma litt utpå dagen onsdag. Men vi møtest til frukost måndag 25. april kl 0730, folkens!

img_6410_web