Nesten ingen av oss hadde vore på hockey-game før, enno færre hadde høyrt om Tampa Bay Lightning. (Sjølv om Per hadde gitt oss ein halvtimes innføring både om spelet og teama kvelden før). Men vi heia som gale på heimelaget. Og vi vann 3-0.

NHL-kampen her i Florida vart eit høgdepunkt for fleire. Ein kjempestor arena og Nordamerikas største tv-skjerm til å vise replays imponerte oss. Og plutseleg var vi på skjermen: Helsing til gjestane frå Norge og Borg!

Både på kampen og alle stadar vi kjem her i landet er mottakinga hjarteleg, og servicen fabelaktig. Og denne kvelden var vi eitt med folket. Vi bidrog til stemninga og støyen, og var heilt utslitne då vi kom ut i den 26 gr varme kveldslufta.

At det var Devils frå New Jersey som vart slått, var vel heller ikkje så verst. Skrekkelege namn på mange av laga, men tilhengarane sviktar dei ikkje. Sport er både big business og folkeleg entusiasme.

1-DSC_1062

 

1-DSC_3423