img_5789_web

Kven skulle tru at Selma, Alabama, var ein sentral plass i historia? Idag har vi oppdaga det. Ein gong var begge Alabama-senatorane frå Selma. Ein gong budde somme av verdas rikaste menn her. Ein gong vart verdshistoria endra gjennom det som skjedde her?

Dette var eit økonomisk sentrum i sør-statane. Før borgarkrigen var bomullsplantasjane store og gav rikeleg avkastning. Etter borgarkrigen tok stålproduksjonen seg opp. Storparten av krigsmaskina til Confederacy hadde blitt produsert her, og det imponerande krigsskipet Tennessee som lenge heldt stand i slaget om hamna i Mobile, Alabama, var blitt bygd her. Men byen vart rasert i «The Battle of Selma» to veker før borgarkrigen var slutt. Og oppheving av slaveriet tok botnen ut av plantasjane sin økonomi. Men så tok stålproduksjonen seg opp med hjelp av ledig arbeidskraft av tidlegare slavar. Det varte berre til Birminghan Steel tok over og Selma vart ribba for det også.

Så stod enno eit avgjerande slag her i Selma. I 1965 kom Edmund Pettus Bridge i verds-rampelyset. Ei 25 år gamal bru over Alabama river. Borgarrettskjemparane tillyste mars frå Selma til stats-hovudstaden Montgomery i kampen for dei svarte sin rett til å bli registrert og får stemme. Men, som det vil vere kjent frå den nye kino-filmen ‘Selma’, vart marsjen først brutalt stansa på Edmund Pettus Bridge her i byen. Verdspressa og kjendisar frå heile landet stilte opp. Ein pastor frå Massachusetts vart drept, og skandalane vart så store at den politiske motstanden måtte gi opp. Nokre dagar etter ‘Blooddy Sunday’ fekk marsjen gå, og dei fullførte på fire dagar ein mars på 80 km. Og president L.B. Johnson fremja «The Voting Rights Act». Anbefaler filmen!

På eit lokalt museum fekk vi ein versjon av historia av ei som ser verda frå den konservative, kvite sørstats-sida. Rart kor ulik historia kan framstillast av dei som vinn krigane og dei som taper dei. Vår museums-veninne meinte at slaveriet og undertrykkinga av dei svarte måtte ta slutt, men var nok nødvendig likevel. Historia har synt oss at ofte må noko vondt skje, før noko betre kan kome istaden.

Ifjor var president Obama i Alabama og markerte 50-årsminnet om marsjen.

Idag seier dei svarte i Selma: «Rosa had to sit so that Martin could march. Martin had to march so that Barack could run. Barack had to run so that our children can fly.» 

img_5713_web img_5736_web img_5735_web img_5732_web img_5730_web img_5726_web img_5725_web img_5723_web img_5722_web img_5721_web img_5719_web img_5716_web img_5738_web img_5739_web img_5744_web img_5745_web img_5750_web img_5752_web img_5754_web img_5755_web img_5759_web img_5760_web img_5763_web img_5764_web img_5767_web img_5780_web img_5782_web img_5783_web img_5785_web img_5786_web img_5787_web img_5788_web