img_5749_web

1965 er ikkje lenger unna enn at somme som marsjerte enno lever. To av dei dukka opp midt i vår veg gjennom Selma idag.

Olla Moore driv «Welcome to Selma»-kontoret her i byen og var 15 år i 1965. Ei sprudlande, svart kvinne som fortel levande om korleis jentegjengen istadenfor å gå til skulen den dagen heller følgde med til masse-møte i Brown Chapel AME kyrkje og derifrå til brua. Olla var mellom dei som vart arrestert, men vart med på marsjen og har vore augevitne heile livet.

Annie Pearl Avry er nokre år eldre og var også augevitne, vart arrestert den gongen og har blitt det mange gongar seinare, seinast ifjor. Som ‘civil rights activist & foot soldier’ har ho drive på som profesjonell protestar heile livet. Ikkje rart vi vart fascinerte. Ho var møtt opp utanfor «Slavery and Civil War Museum», sikkert for å fange inn slike som oss. Det lykkast ho absolutt med.

Den som vil, kan finne ut meir om henne m.a. her: http://onevotesncc.org/profile/annie-pearl-avery/

img_5746_web img_5769_web img_5773_web img_5777_web img_5779_web