Turen var fint ferdig då vi feira den med middag i Paris. Men flyet går frå Amsterdam og ruta dit smykka vi med eit besøk i Brussel før vi tok natta i Rotterdam. Brussel er «hovudstaden» til EU, den har hovudkontoret til NATO og blir likevel assosiert med ei lita statue av ein gut som tisser. Manniken Pis får stå som punktum på alt det storslåtte vi har opplevd desse 24 dagane, alle kunstverka, alle bygningane, alle menneskemøta. Siste kveldssamling oppsummerte Borgny turen for oss med sitt ord for kvelden; det hadde vore mykje meir enn ho venta, både av læring og opplevingar. Den lille klassa vår var samstemte og sjåføren spesielt glad over at det hadde gått så godt alle metrane på vegar gjennom 13 land. 7160 km i Peugeot 308 på 24 dager. 8 hovudstadar, 13 land og alt for mange inntrykk. Vi er takknemlege og klare for å reise heim.

Det huset ser akkurat slik ut som æ føle at EU er, sa Borgny..->

Kø på motorvegen fekk vi oppleve for første gong på reisa sin siste kveld inn mot Rotterdam. I fin solnedgang. Takk for turfølget, også de som har vore innom bloggen vår!