blog_2917

Superstition Mountain er cowboys, kaktus, gull, hestelort og eventyrarar.

Så langt ut i ‘wilderness’ som det er muleg å kome. For femti år sidan var det revolvaren som avgjorde rett og galt her. Idag er mange av minna igjen. Og framleis er dette ‘the land of the wild and the free’, eller skulle vi sagt ‘The good, the bad and the ugly»?

Vi gjorde kaktus-ørkenen på hesteryggen. Reid til slutt inn i solnedgangen. Anført av heltane Jesse og Josh frå TV-serien «Ice Cold gold». Dei har vakse opp her i sandstøvet mellom kaktusane, koyotane, gullgravarane og klapperslangane ved foten av Superstition Mountain, den nest mest besøkte attraksjonen i Arizona.

The Dutchmans Cave har i 100 år vore eit mysterium. Minnet om ei gullgruve i dette fjellet pirrar eventyrarar stadig. Tyskaren Jacob Walts som døydde i 1891 etterlot seg både gullreservar, kart og omtale av gruva. Sidan 1965 har vår mann, Ron Feldmann, brukt livet sitt på å studere kjeldene og grave opp gamle gruvegangar. No driv han heste- og steinsenter her i villmarka.

Idag vart vi tekne rundt på hesteryggen mellom kaktusane ved foten av Superstition Mountain og servert deiligaste T-bone steak du kan tenkje deg, med bønner og brød og underhaldande røvarhistorier samt eit seriøst lysbilet-foredrag om fjellet og den mystiske gruva si historie.

Neste gong tek vi med oss hakke og spade! Og fortel ingen om kvar vi går!

blog_2784 blog_2803 blog_2804 blog_2843 blog_2850 blog_2869 blog_2885 blog_2913 blog_2914 blog_2918 blog_2920 blog_2921 blog_2923 blog_2928 blog_2937 blog_2941 blog_2947 blog_2948 blog_2949