blog_2484I Nevada-ørkenen sprengjer amerikanarane atombomber og i Las Vegas sprengjer vi speleautomatar på kasino. Heilt imot naturen har ein millionby vakse opp av ørkensanden sidan 1950-talet. Raskast veksande by i USA, no over 2 mill. Fordobling er venta i 2015.

150 bryllaup her pr dag, og fleire skilsmissedomstolar enn nokon annan stad i USA. Kva kan ein vente seg når byen er full av einarma bandittar, pokerbord og tilbod om å bruke pengar på entertainment, mat og shopping.

Det meste er fake. Vi har vore i Venezia, New York, Paris, Egypt og Roma berre på ein ettermiddags-spasertur nedover The Strip.

Meir ekte var UNLV (University of Nevada Las Vegas). Der møtte vi studentar, universitetsliv og campus-stemning idag. Veldig hyggeleg. Og ikkje minst: Ekte.

Ikveld er det show. Kanskje eit Elvis- eller Michael Jackson-show? Eller …..? Problemet er at tilbodet er mangesifra.

blog_2482 blog_2487 blog_2488