Er du ein av dei som gler seg til å reise ut i verda igjen? Utforsk Sunnmøre & Sør-Amerika gjer seg klare for studietur til Peru i mars 2022. Er situasjonen som no, er det mykje som tyder på at det kan gå veldig bra. Ålesund folkehøgskole har reist til Sør-Amerika i mange år, men no skal nye deler av Peru leggast inn i reiseruta.

Søk halvårskurs våren 2022 eller helårskurs høsten 2022 her:

Søk plass

Kafébesøk og turplanlegging i Lima.

I november har Ålesund folkehøgskole vore representert i tre verdensdelar! Elevane har vore i Israel og på norgestur – og lærar på Utforsk Sunnmøre & Sør-Amerika tok med seg ein kollega/fotograf til Peru for å planlegge ein ny tur. Det er mykje ein kan rekke på ti dagar, men heldigvis varer den lange reisa med elevar lenger enn det! Då blir også Cusco, Machu Picchu og surfing i Stillehavet med i programmet.

Vi utforskar sentraljungelen i Peru!

Målet for turen var sentraljungelen i Peru, nærare bestemt Chanchamayo. Dette er eit distrikt som er kjend for produksjon av kaffe og tropiske frukter som ananas, appelsiner, banan, papaya, avokado og mango. Det er ikkje få lastebilar som kjører over Andesfjella dagleg med frukt og kaffe til Lima. Vi reiste den samme ruta i buss. Kartfunksjonen til google seier at det er «berre» om lag 30 mil, men når du i tillegg skal over 4 800 meter, tek det om lag 8-9 timar. Som ein bonus får du oppleve kyst, ørken, fjell og jungel. Naturen i Peru er mangfoldig og har masse å by på!

Aida et maiskolbe i Andesfjella. Choclo con queso..

Vel framme i jungelen blei vi innkvartert hos gode venner, og vi fikk bo i huset til misjonær Liv Haug, som har bodd i Peru i 50 år. Vi tok turen til kaffefarmen til familien Cardenas. Sesongen for plukking av kaffe startar i mars og varer til juni. Utforsk Sunnmøre&Sør-Amerika skal lære om kaffeproduksjon, smake deilig kaffe og forhåpentligvis klarer vi å gjere litt nytte for oss i innhaustinga.

Blir desse kaffebønnene modne til mars? Blanca forklarer.

Visste du at Peru er kjend for god mat? Ein av dei tradisjonelle rettane «Pachamanca» blir laga i kokegrop. Vi åt pachamanca av kylling, høne, oksekjøtt, potet, søtpotet, yuca og bønner. Bilda blir litt fattige uten lukt og smak, men elevane skal få smake dette i mars.

Pachamanca – festmat i kokegrop.
Gode hjelparar. Desse blada gir smak til maten.
Mango!
La familia på kaffefarmen.
Gode lukter gir gode smakar…
Festmåltid!

Vi fekk også tid til å besøke fossefall, den mest kjende er catarata Bayoz.

Her er det deilig med en dukkert!

Etter en deilig badedag var det godt å komme til Perené, ein landsby som eg (Anne Marte) har kalla heim nesten i fire år. Her ønsker vi å arrangere ein aktivitetsdag for barn/ungdom, og elevane bør nok gjere seg klare til ein landskamp enten i fotball eller volleyball. Vi skal også få til eit besøk i ei lokal kirke – det er ei oppleving å vere med på! Perené er omgitt av gårdar som dyrkar appelsiner.

Kveldsstemning frå Perené.

I Chanchamayo er det også mange Ashaninka-samfunn. Vi besøkte Pampa Michi, som tek imot turistar som vil lære litt om kultur, språk, bli med på ein dans og handle litt lokalt.

Julegaver i boks.

Pandemien har ramma Peru hardt, men det er godt å sjå at dei har komme langt når det gjeld både vaksinering og tiltak for å begrense smitte. Overalt er det sett opp vaskar med såpe, og ein blir både målt temperatur på og handsprita før ein går inn i butikkar, fossefall(!) og restaurantar. Du har kanskje hørt «When in trouble double»? Her gjeld det å bruke to munnbind om du ikkje klarer å halde meteren…

Peru er vilt, vakkert og variert – både når det gjeld natur, mat og kultur! Vi er ønska varmt velkommen tilbake, og det gler eg meg til!

Viktig å drikke nok i varmen.
Motocarro – her kan du få plass til heile storfamilien.

Foto: Aida Urkedal