Verdas mest prominente adresse. Verdas mektigaste mann. Og oss på besøk. Ikkje akkurat ‘home alone’ visitt. For hit kjem du berre etter søknad frå ein amerikansk kongressmann 8 mnd i førevegen, etter å ha levert alle namn og personlege data, passert 2- 3 vaktpostar, 2 passkontrollar, 1 security kontroll og lagt att heime alt av handvesker
og anna ekstra.

Barack Hussein og Michelle glimra med sitt fråver. Likevel var det stas å kome så nær. Litt av kvart frå dette landets 220-årige historie, møblar, måleri og menneske.

Og neste gong vi ser White House på dagsrevyen, kan vi seie: ‘I was there!