Fjelltur på Slogen, 1564 moh, det er det mange som har høyrt om før dei kjem til Ålesund folkehøgskule. Så kom dagen for  å gjere noko med det.

 

 

Tirsdag 1. September, den første haustdagen, sto to bussar klare til å frakte over 60 forventningsfulle elevar over fjorden og opp i Habostaddalen på Stranda. Der startar turen opp til Patchellhytta og Slogen. Dei andre som ikkje gjekk på fjellbussen reiste ut mot vest til øyane, såg sola glitre i havet og fekk sin egen blogg, som du kan lese ein annan plass.

Men Slogenbussen ferja over Storfjorden, med sveler og is utover eit solvarmt ferjedekk, rusla seg opp bakken forbi skisenteret på Strandafjellet før parkering på Engeset og avmarsj i sommartemperatur dei 6 kilometrane til Patchellhytta. Etter kort tid er det avkledning, sola varmar godt, og både flis og jakke havnar under lokket på sekken. Dei som kanskje gjekk på ein smell med stillongs held det nok hemmeleg. Vi shortsfolket solar oss med eit dristig, men behageleg valg.

Vi går langs elva med vakre kulpar med glassklart vatn og tek oss lunj ved eit fjellvatn på vegen. Spritdispensarande er ny tradisjon på fhs turlunsj –  her skal ingen bli sjuk!

Det lyser i fargerike ulltrøyer, maten er i pakke og snacks med både med salt og sukker dukkar opp frå veldig varierte tursekkar. Det er mykje å lære, pakking er eit stort kapittel.

Framme på hytta på 750 moh. er det tid for kohortvis innsjekking, og vi legg beslag på alle sengeplassar på den største DNT hytta på Sunnmøre. Nede i dalen møtte vi på studentane frå friluftslivstudiet i Volda, som er ein tradisjon på 10. året, men dei konkurrerer heldigvis ikkje om sengeplassane. Telt er pensum for dei.

Snart er anneks, to hemsar, to stover og kjellarastove fylt opp, og vi kallar inn middagspersonellet i 3 lag til effektiv kjøkkentjeneste. Andre hender har dagens ansvar for å hente vatn, hente ved, fyre i 3 vedovnar og rydde skokaoset i gangen. Folk i arbeid! Og det skjer! Her er ingen late, slappe ungdommar, å være lærar på jobb er ein fryd!

Sunnmørsalpene skin i sol frå blå himmel, det er det finaste veret nokon gong på Slogenturen, og plattingen ute blir aldri tom for folk som samlar solvarme og nye bilde til Gramkontoen sin. Slik vil vi ha det, det er berre å takke og glede seg. Utpå ettermiddagen er det servering av pølse og potetmos frå 3 kjøkken, og etter ein liten halvtime ruslar dei største guttekroppane rundt og leitar etter restar frå andre kjøkken. Men alle blir mette.

Slik går ettermiddagen, det er jevn trafikk på gangbrua til dei to toaletta, der det luktar sterkt av sprit eller klorin. Stovene er fulle av lyd, kortspel, litt gitar, og nokon dristar seg til eit nytt avstandsforhold til ein ny venn i ein annan kohort. Kakaoen som kjøkkenet omsorgsfullt sendte med i 42 termosar til frukost får bein og gå på, og snopeposen til turen i morgon blir utålmodig spretta av enkelte.

Sola forsvinn bak Slogen, og kl 20.00 er det tid for info, sang, spørsmål og svar og roses and thorns frå dag 1.

Må vi ha gnagsårplaster? Det er sykt vakkert her!! Hvor lang tid tar det i morgen? Er det rett ned på andre sida? Hvor er Tom Cruise nå??

.. For det er altså ei verdensstjerne i nabokommuna, og på fredag kjørte filmstjerna rett over hytta på uvanta besøk på hotel Union på Øye i sitt eige helikopter. Vi spekulerer litt på om vi vil ringe og invitere han på kaffi, men det blir med tanken. Så snakkar vi litt om DNT, at det er eit privilegium friluftsfolk i alle andre land misunner oss å ha fiks ferdig utstyrte hytter overalt til fri disponering. Og at den skotske læraren og fjellklatraren Charles Watson Patchell ikkje berre fekk bygd den første hytta her, som er ei steinhytte frå 1927, men blei ei legende nede i Øyebygda, som han besøkte første gong i 1892. Deretter kom han nesten kvart år fram til 1914 og krigsutbrotet. Det finst andre måtar å bli legende på enn å lage film, og folk har forskjellig smak. Patchell ga nok meir til historie og folkeliv her, sjølv om filmreklanme med Tom Cruise og Mission Impossible kanskje også drar nokre kroner.

Det er med andre ord stjerneklart på alle vis denne tirsdagskvelden.. Og dei same kollegaane som snorka i fjor, snorkar i år også. Rundt kjøkkenbordet i 25 vedfyrte varmegrader blir dagen avslutta i verdifullt og livlig selskap for oss 6 lærarar på jobb, det er berre å takke, og ta litt sjokolade. Anne Marte med presskanna, Hilde Charlotte på opplæring, Jan Kristian med fadderomsorg, Per med kontroll på alt, Kristin med hang til sjokolade (som alle andre), og artikkelforfattaren med nøklane til den store bussen der nede på p-plassen trygt i ei glidelåslomme. Vi er priviligerte.

Onsdag. Det er toppdagen, det dampar frå kokt vatn på 3 kjøkken til havregraut, det et tannpuss på rekke og rad ute på gangvegen ved vannposten, niste, vatn og klær på plass og klokka 09.00 er alle klare til avgang. Vi repeterer turkoden, tips til av- og påkledning og prøver å lage mentale bilete inni alle for å bli klar til ein bratt bakke – til og med med litt klyving som dessert rett under toppen. Radiosambandet er på, vi teller alle, og så snirklar ei rad med nonstopfargerike jakker seg oppover dei snille lyngbakkane rett bak hytta. Etter 10 minutt er det teknisk stopp og avkledning, og etter ein halvtime er det fotostopp med Ord for dagen ved Anne Marte. Begrepet Guds frie natur gir sjelden meir meining enn på ein slik plass, og vi blir alle invitert til å forundre oss over kvar denne frie naturen kjem frå. Og kvifor vi har ein tendens til å kjenne oss meir frie her ute, enn inne. Det er eit spørsmål om tru, som mange andre ting i livet. Spørsmålet om kvifor vi ofte kjenner oss friare og lykkelegare ute i naturen, så lenge vi er varme og trygge. Deler vi eit gen med moder jord? På universitetet i Volda forskar ein professor i friluftsliv på kjensla av lykke og velvære som naturopplevingar gir. Det er det god grunn til.

Dei snille lyngbakkane blir til lune svaberg på fotoshooten vår, så kjem meir rufsete steinur og bratte berg oppover mot Puklane. Her ligg snøen, og det blir litt balansering når vi kjem opp på kanten og ser ned i Norangsdalen 1000 meter under oss. Der nede ligg det vakre hotel Union på Øye, og Hjørundfjorden. Tid for lunsj. Vi går litt ned frå ryggen og set oss i le for ein frisk vind frå sørvest. Jakke på, Polarbrød ut av sekken. Med litt karbo i magen blir vi litt meir klar for de siste, seige 400 høydemetrane opp hovedryggen. Og fargetoget rullar ut frå lunsjstasjonen i lang rekke.

Rett under toppen legg vi ut eit sikringstau til dei som syns det kjennest tryggare å halde i enn grunnfjellet. For her er grunnfjellet så bratt! Klyving er riktig ord, for det er ikkje klatring ifølgde den sunnmørske fjellboka. Klyving er så kjekt og så viktig for Sunnmøringen at folk vi kjenner har hatt egne turklubbar ved navn «Noko klyving». Som oversatt betyr «Her blir det veldig bratt på slutten».

Men det går bra! Alle mann oppe, ingen har snudd, og vi ser at for enkelte har dette vore ein større mental opptur enn det som kan målast i høgdemeter. Høydeskrekk blir utfordra, og kanskje oppdaga. Minst ein erklærer at dette var bra, men det får bli med dette fjellet. Andre får kanskje idear som Henrik Ibsen i 1859 – «Mitt lavlandsliv har jeg levet ut – her oppe på vidden er Frihet og Gud – dernede famler de andre.. «. Ibsen altså. Den første som introduserte oss for ordet Friluftsliv.

Gigabytes med bilete flyg gjennom lufta i lag med ein ganske frisk bris, og fotoseansen med internatslippersane kjem fort i gang. Gutta lagar guttastemning med posering i baris, og nokre held seg stille fast, smiler bestemt og ventar på at dei skal få lov å gå ned snart. Men i det store og heile er det sterk begeistring for ei fantastisk utsikt over ein stor del av dei mest kjente Sunnmørsalpene, den blå fjorden der Hurtigruta er på sitt første anløp denne hausten, dei ville Brekketindane på andre sida av dalen der det omtrent berre er klyving og klatring på toppryggen – og ned til hytta, dit vi skal tilbake. For ein fulltreff med været! Vi sender ein tanke ut til Giske og Vigra der alle dei andre nyt havet og sola med bad, og medbrakt fotograf frå Sunnmørsposten. Vi ser frå havet i vest til Pyttegga i aust, altså nesten Bjorli, viss vi smører litt på.

Retur. Den er eklare enn opptur. Rygging og tauing går rolig og trygt for seg når vi startar på retur langs toppryggen. Eleven vår frå North Carolina får heder for gode klatrevalg, og vi instruerer rygging og fotarbeid for dei som treng. Til sist kan Per ta laust tauet, og vi har alle trygt framfor oss på ryggen nedover. Her er mykje å lære om kva som bur i kroppen vår av motorikk denne dagen – det er forskjell på ein barndom oppe i trea og nede på leikeplassen. Fascinerande korleis ein fysisk vill barndom kan resultere i fleire nervebaner i hjernen og betre balanse. Og ikkje minst – barndommen kan vare lenge.

På plattingen utafor hytta varmar sola sjølv om ein haustbris bles forbi. Der ligg fjelltrøtte folk på rekke, mens andre planlegg for den mest eksperimentelle middagen vi har sett i hyttekjøkkenet på 10 år. Mange ingrediensar og mykje tillit har vi fått med oss, og når mattearket til ny backpacklærar Hilde Charlotte er ferdig, kan vi fordele til to kjøkken, og Per får improvisere fritt over gryteingrediensar. Til slutt er alle gryter skrapt reine, ikkje ein smule igjen, og terningkastet er ein trygg femmer. Her er ein ny tradisjon starta!

Kveldssamlinga i 2 kohortar blir ei oppsummering av gleder og sorger frå dagen – folk er imponert, synst fjellheimen gjer inntrykk – nokre få innrømmer misbruk av stillongs. Ein liten fingerbingo kan avsløre så mykje, og gi ein god latter!

Natta er ekstra god etter å ha brukt kroppen på tur. Det blir tidlegare stille enn i går, enkelte spør om å få lov å gå og legge seg..

Dag 3, torsdag morgon, fyringsvakta har gjort jobben sin, kokevakta har gjort jobben sin, og Jan Kristian har sunge vekkesang gjennom heile huset på tysk, som vanlig. Plastposar med havregryn og tørrmelkpulver blir til god frokostgraut. Med effektiv rydding og vask er vi ute av huset før skjema, og med egen buss ståande parkert er det berre å laste inn, trampe av skoa og rulle ut frå Engeset nøyaktig når regnet i vermeldinga slår inn. Fantastisk timing. Regn på frontruta sender fleire raskt i drømmeland, det er berre å ta det rolig i svingane så folk får kvile i fred.

Godt jobba! Eit minne for livet for mange, og Sunnmøre fekk vise seg frå si aller beste side!

 

Foto Knut S Thomassen og Per Strøm

 

Lesernes kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.