Foto: Ragna Marie

Tekst: Hallvard

På skulen gløymer vi lett dei vanlege dagane som blir kalla kvardagar. Så mange nye ting fyller veka at kvar ny dag er ulik dagen før. Men heldigvis blir det sakte men sikkert ein del ting som er forutsigbare. Etter frokost kjem Ord for dagen, kvar søndag før kaffe er det søndagsbading. Det går an å henge i peis eller gå tur til Eikenosen. Måltida til faste tider eller freesbeegolf ute eller biljard inne, å gjere seg klar til tur eller ha ein avtale krever likevel planlegging og tar tid å gjennomføre. Kvardagane er slett ikkje like. Nokre er fylte av det som må gjerast og nokre er så deilig rolige.

Ingen dag går utan å treffe mange andre. Herlege folk som er så forskjellige. Alle møta, å sjå og bli sett, få eit smil og gi eit smil. Kvardagen er beste arenaen der dette skjer. Og på Ålesund folkehøgskole er det mange rom. Internatrom, resepsjon, matsal, korridorer, klasserom, bibliotek, samtalerom, kapell, miljørom, tv-rom, filmrom….. Vi kan fortsette lenge og i alle desse romma skjer alle samtalane der to eller fleire tar opp noko gledelig og artig eller noko vanskeleg og utfordrande. Ofte er det korte møter på veg til atriet eller litt lenger samtaler på veg til butikken.

Til saman skaper kvardagen grunnlaget for personleg utvikling og vekst. Umogeleg å merke sånn dag for dag, men resultatet er heilt tydeleg etterpå. I år vart kvardagen mot slutten av året heilt annleis enn planlagt. Alle måtte vere heime og den enkle kvardagen på skulen kunne ikkje skapast meir. Men bilder frå kvardagen er det mange av. Her er nokre få.

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.