Foto: Matthias      Tekst: Hallvard

Ein tidleg tirsdags  morgon drog øyhopp-flokken til Giske kommune. Første stopp var Roald og Molnes på Vigra. Bunkrane frå 1.verdskrig sette igang tanker mens vi såg skipsleia rett utanfor. Så hoppa vi til Valderøya der vi gjekk opp i Skjonghellaren. Her var gooood plass til heile skulen om nødvendig.

Middagen laga vi sjølve, laks, grønsaker,olje i folie. Det smakte! Etter elevkveld med skiping av nye politiske parti og agitasjon der mange talent vart synlige, samlast gruppa i Johanneskapellet.

Onsdag fekk Godøya besøk med 3 timer vandring over Rantane ned til Alnes. Nokre hadde stor fart, mens andre naut utsikta med hav, øyer og fjell. På veg heim var vi innom middelalderkyrkja på Giske.

 

Sjå fleire bilder 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.